om

Cand Philol i gitar (Griegakademiet, UiB), bossafot etter studier i Brasil. Sindre har m.a. spelt skulekonsertar i Rogaland og på alle barneskulane Hordaland, og han er jevnleg workshop-leiar på komposisjonsprosjekt for barneskular i regi av Bit20-ensemble. Sindre har hatt engasjement som teatermusikar på Den Nationale Scene og Logen Teater i Bergen. Han har framført ny norsk musikk på festivalar for samtidsmusikk, både innanlands (Autunnale og Borealis i Bergen og NuMusic i Stavanger) og i utlandet (UNM i Helsingfors og London). Sindre likar seg i spenningsfeltet mellom HiFi og LoFi og underviser i Vaksdal Kulturskule der elevane frå tid til annan har GitarSløyd og elektronikkverkstad.

Ta gjerne kontakt om du er interessert i ein liten konsert eller eit innslag med klassisk gitar – solo eller i samspel med andre.

Sindre speler på klassiske gitarar laga av Tom Stien, Hanno Kiehl Trevor Semple og SoloEtte

Share Button